Skrivefeil (utropsteikn x 100)

Før du setter deg ned å les mine inlegg så vil sei på forhand at du IKKJE må lesa dei om du e ein Norsk lærar som iritere seg for ein kvar liten skrivefeil.. Når eg skriver lange kjedelige tekstar om Per Sivle og ikkje minst om Snorre Sturlason til min "fantastiske" norsklærar så fokuserar eg litt meir på å retta mine klassiske skrivefeil, enn i denna fantastiske(om eg tør og sei da) bloggen min! Takk på førehand!

tirsdag 2. juni 2009

Å dela sine eigne tankjar og meiningar

Blogging er noko alle har høyrd om. Men kanskje ikkje alle veit like mykkje om kva det eigentleg omhandlar. Eg har våre fast blogglesar i ei god stund no, og utrulig men sant likar eg det. Å lesa om ukjente personars dagar er liksom vorte ein del av min dag. Eg veit ikkje kvifor andre sine liv intresserar meg, kvifor det underhaldar meg. Men det er blitt som ei bok for meg, eller ein TV serie, REALITY!
I eit ”vanleg” blogginlegg skriv du om følelsar, kva klær du har på deg, kva du har ete til middag osv.
Men ein finn også fagrelaterte bloggar. Desse er ofte til stor hjelp, men sjølvsagt, det er lurt å skjekka kjelder.

Eg vil fortelljar litt om ein blogg eg plar lese; www.idawulff.com. Ida er ei 19år gamal jente frå Tønsberg. Ho starta å blogge då ho var 16år gammal. Gjennom alle desse åra har ho skreve ei dagbok på nett. Ida var ei heilt vanleg jente då ho byrja å skrive, men etter ei stund når bloggen hennas byrja å verta kjent blei ho ein av dei mest kjende bloggarane i Noreg. Ho har over 25.000 sidevisningar kvar dag, og ho tjenar masse pengar på bloggen sin. Kor mykkje pengar ho tjenar vil ho ikkje seia, men det er nokk ein heil del. Ida skrive på ein humoristisk og personleg måte. Eg har lest bloggen hennar i ca eit halvt år, og eg føler eg kjenner jenta. Ida er eit bevis på at blogging er utruleg populært, og om du er flink til å blogge kan du faktisk tene peng på det.


Ida Wulff












Blogging i klasserommet er praktisk. I år har klassen min blogga litt i faget media og kommunikasjon. Eg har fått ein introduksjon med blogging, men eg kjem ikkje til å fortsetta. Det er jo fint å legge ut skuleoppgåver, men ikkje lika fint når du finn ut at einaste som er inne å les er læraren din. Men utan tvil, det er kjekt. Om me hadde kombinert dette med andre fag, kanskje da hadde vorte ein HIT... Når eg tenkjer på den kjedelige og innvikla ITs learning, så kunne eg lett heller hatt ein blogg, og brukt den aktiv. Men eg trur ikkje blogg kjem til å erstatta skoleportalen, og heller ikkje lærebøker. Då du må skjekke absulatt alle kjelder på blogg, vær kritisk. 
Min personlege erfaring med blogg, er dårleg. Eg har ikkje prøvd meg så utruleg mykje, men eg har prøvd. Eg er ikkje ein person som likar å skriva om følelsar, så eg har ikkje tenkt å legga ut om livet mitt, vertfall ikkje på nettet. Men som eit fagleg verktøy i skulesamanheng så fungerar blogg flott. Det er litt stilig å vera redaktør på si eige sida, der du kan bestemma alt som skal publiserast.

Når du oppdrettar ein blogg offentlegjer du allt du skriv, så du må sjølvsagt tenkje på personvern. Alt du legg ut kan folk bruke, positivt og negativt. Du må væra klar for å få både positive og negative tilbakemeldingar. Så om du vel både å skrive om personlege ting, eller faglege, så må du forbereda deg på mange kvasse komentarar. Husk at du alldri veit kven som sitt i andre enden av maskina di.

Blogging er ein fin måte å fortelja om kva du gjer på, kva du skal osv… Men når du skriv blogg er du avhengig av å skriva både korte og lange innlegg. Det har no kome eit nytt medium som tilater deg i å posta ulike statusoppdateringar, som KVA GJER DU NETT NO?. Twitter blir meir og meir populært. Me kan spørja kvifor? Kvifor skal me vete at naboen lagar middag? JO, fordi folk liker å veta kor ein har andre. På Twitter kan du følja kven som helst, og du får statusoppdateringar til alle du fyljer. Eg fylgjer for eksempel Jens Stoltenberg. Eg synst det er utruleg artig å sjå kva for eksempel Jens styrar på med om dagane. Ellers er det ingen av mine venner som har Twitter, så eg får ikkje brukt mi twitterside så aktivt. Men eg oppfordrar alle til å skaffe seg ei. Om du synst Blogg er for mykkje arbeid, så lag deg ei side på www.twitter.com.

Twitter in plain English - Her får du vete alt du treng å vete om twitter!